Beringhavet

Koordinatar: 58°N 178°W / 58°N 178°W / 58; -178
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°N 178°W / 58°N 178°W / 58; -178

Beringhavet
engelsk Bering Sea, russisk Бе́рингово мо́ре, Béringovo móre
hav
Land  Russland,  USA
Del av Stillehavet
Kart
Beringhavet
58°N 178°W / 58°N 178°W / 58; -178
Wikimedia Commons: Bering Sea

Beringhavet er eit randhav i Stillehavet[1][2] som består av eit djuphavsbasseng (det aleutiske bassenget) som stig opp ein bratt skrent til grunnare vatn over kontinentalsokkelen.

Satellittbilete av Beringhavet

Området dekkjer to millionar kvadratkilometer og grenser i aust og nordaust til Alaska, i vest til Sibir og Kamtsjatkahalvøya i Russland, i sør til Alaskahalvøya og Aleutane og i nord til Beringsundet med Nordishavet og Tsjuktsjarhavet på andre sida. Bristolbukta er delen av Beringhavet som skil Alaskahalvøya frå fastlandet i Alaska. Beringhavet er kalla opp etter den første europearen som segla over havet, den danske sjøfararen Vitus Bering.[3]

Økosystemet i Beringhavet inneheld ressursar innanfor territorialfarvatnet til USA og Russland, og internasjonalt farvatn i det såkalla «Donut Hole».[4] Vekselverknaden mellom havstraumar, havis og vêret dannar eit sterkt og produktivt økosystem.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det russiske skipet «Rurik» ankrar opp nær Saint Paul Island i Beringhavet for å lesse av mat og utstyr for ein ekspdisjon til Tsjuktsjarhavet i nord. Bilete av Louis Choris frå 1817.

Dei fleste forskarar meiner at under den siste istida var havnivået lågt nok til at menneske og dyr kunne gå til fots frå Asia til Nord-Amerika over det som i dag er Beringsundet. Dette vert ofte kalla Beringia og enkelte teoriar hevdar at dette var måten menneske kom seg til Amerika på.

Ein liten del av Kulaplata ligg i Beringahavet. Kulaplata er ei gammal jordskorpeplate som pleide å verte pressa under Alaska i triasperioden.[5]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Beringhavet og det nordlege Stillehavet

Av øyar i Beringhavet finn ein

Regionar i Barentshavet er mellom anna

Beringhavet inneheld 16 submarine canyonar, inkludert den største submarine canyonen i verda, Zjemtsjug canyon.

Økosystem[endre | endre wikiteksten]

Kart over Beringhavet.

Der Beringhavsokkelen skrånar ut i djuphavet er eit område med stor produktivitet i Beringhavet.[6] Denne sonen der den grunne kontinentalsokkelen stupar ned til det aleutiske bassenget vert òg kalla «Det grøne beltet». Her får ein oppvelling av kaldt vatn frå det aleutiske bassenget, som blandar seg med vatnet frå kontinentalsokkelen og dette gjev ein konstant produksjon av planteplankton.

Det andre pådraget på produktiviteten i Beringhavet er havisen som er med på å utløyse planktonveksten om våren. Issmeltinga fører til mindre saltvatn på sokkelen og ei lagdeling av vasslaga. Dette gjev igjen hydrografiske effektar som påverkar produktiviteten.[7] I tillegg til å påverke sjølve havet, er isen i seg sjølv eit substrat for algevekst. Denne produktiviteten som havisen skapar er i fare for å forsvinne på grunn av global oppvarming, sidan dette fører til mindre is i Beringhavet.

Ein har funne spor på at det alt har skjedd endringar i økosystemet i Beringahvet. Varmt vatn i Beringhavet sommaren 1997 førte til ein massiv vekst av planteplantkon med låg energi (Stockwell et al. 2001). Ein har lange tidsseriar med målingar av karbonisotopar frå bardane til grønlandskval.[8] Nylege målingar av karbonisotopane har vist at produktiviteten i havet i snitt har minka med 30-40 % dei siste 50 åra.[8] Dette har ført til at berekrafta til Beringahavet er langt mindre no enn tidlegare.

Biologisk mangfald[endre | endre wikiteksten]

Ringbuk, ein ikkje-kommersiell fisk fanga aust i Beringhavet.
Kvalross (Odobenus rosmarus divergens') på eit isflak i Beringhavet ved Alaska i juni 1978. (Kjelde: NOAA)

Beringhavet har eit rikt dyreliv. Havet inneheld mange utryddingstruga dyreartar som grønlandskval, blåkval, finnkval, seikval, pukkelkval, spermasettkval, og den sjeldnaste kvalarten i verda, nordkaper. Andre sjøpattedyr er kvalross, stellersjøløve, nordleg pelssel, kvitkval, spekkhoggar og isbjørn.[9][10]

Beringhavet er eit særs viktig sjøfugleområde i verda. Over 30 sjøfugleartar og om lag 20 millionar individ hekkar i Beringshavregionen, inkludert topplunde, den utryddingstruga gulhovudalbatross, brilleærfugl og raudfotkrykkje.[11][12] Mange av desse artane er endemiske for området.

To artar i Beringhavet, stellerkvalross (Hydrodamalis gigas) og brilleskarv (Phalacrocorax perspicillatus) har døydd ut på grunn av rovdrift frå menneske. I tillegg er mindre underartar av kanadagås (Branta canadensis asiatica) utdøydd på grunn av rovdrift og innføring av rotter i hekkeområda deira.

Beringhavet har mykje forskjellig fisk. Enkelte fiskeartar gjev grunnlag for store fiskeri. Av fisk som vert drive kommersielt fiske etter finn ein stillehavslaks, lyr, kongekrabbe, stillehavstorsk, stillehavskveite, gullfinntunge, stillehavsåbor og sobelfisk.

Det biologiske mangfaldet av fisk er stort og det er funne minst 419 fiskeartar i Beringhavet.

Fiskeria i Beringhavet[endre | endre wikiteksten]

Kongekrabber.

Beringhavet har fleire av dei mest lønsame fiskeria i verda, som kongekrabbefiske,[13] laks i Bristolbukta, lyr og andre. Desse fiskeria er avhengig av produktiviteten i Beringhavet via eit komplisert og dårleg undersøkt næringsnett. Fiskeria er avhengig av eit intakt, sunt og produktivt økosystem.

Kommersiell fiske er ei stor næring i Beringhavet, som store fiskematselskap i verda er avhengig av. På den amerikanske sida fangar dei kommersielle fiskeria sjømat til ein verdi av 1 milliard dollar kvart år, medan fiskeria på den russiske sida fangar sjømat til ein verdi av 600 millionar dollar i året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fasham, M. J. R. (2003). Ocean biogeochemistry: the role of the ocean carbon cycle in global change. Springer. s. 79. ISBN 978-3-540-42398-0. 
  2. McColl, R.W. (2005). Encyclopedia of World Geography. Infobase Publishing. s. 697. ISBN 978-0-8160-5786-3. Henta 26. november 2010. 
  3. «Vitus Bering». Encyclopaedia Britannica. Henta 21. desember 2018. 
  4. «North Pacific Overfishing (DONUT)». Trade Environment Database. American University. Arkivert frå originalen 9. april 2011. Henta 13. august 2011. 
  5. Steinberger, Bernhard, og Carmen Gaina Geology 35 (5) 407-410, 2007 Plate-tectonic reconstructions predict part of the Hawaiian hotspot tract to be preserved in the Bering Sea
  6. Springer, A.M., C.P. McRoy og M.V. Flint. 1996. The Beringhavet green belt: shelf-edge processes og ecosystem production. Fisheries Oceanography 5, 205-223.
  7. Schumacher, J.D., T. J. Kinder, D. J. Pashinski og R. L. Charnell. 1979. A structural front over the continental shelf of the eastern Beringhavet. Journal Physical Oceanography 9: 79-87.
  8. 8,0 8,1 Schell, D. M. 2000. Declining carrying capacity in the Beringhavet: isotopic evidence from whale baleen. Limnol. Oceanogr. 45(2): 459-462.
  9. Citta, John J.; Burns, John J.; Quakenbush, Lori T.; Vanek, Vicki; George, John C.; Small, Robert J.; Heide-Jørgensen, Mads Peter; Brower, Harry (12. juni 2013). «Potential for bowhead whale entanglement in cod and crab pot gear in the Bering Sea». Marine Mammal Science (på engelsk) 30 (2): 445–459. doi:10.1111/mms.12047. 
  10. «Humpback Whales in Alaska». www.whale-watching-alaska.com. Henta 24. april 2018. 
  11. «Hundreds of Tufted Puffin Deaths Suggest Dangers of Warming Seas». Audubon (på engelsk). 23. november 2016. Henta 24 April 2018. 
  12. «Red-legged Kittiwake». Audubon (på engelsk). 13. november 2014. Henta 24 April 2018. 
  13. «Red King Crab, Paralithodes camtschaticus». Alaska Fisheries Science Center. Henta 7. april 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Beringhavet