Gorilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gorilla
Utbreiing
Utbreiinga av Gorilla
Utbreiinga av Gorilla
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Overfamilie: Hominoidea
Familie: Hominidae
Underfamilie: Homininae
Stamme: Gorillini
Slekt: Gorilla
Geoffroy Saint-Hilaire, 1852

Gorilla er ei slekt som inneheld dei to største primatartane. Båe artar lever i skoglende i Afrika, og er nesten utelukkande planteetarar (til skilnad frå menneske og sjimpanse). Nest etter sjimpansane er gorillaene dei dyra som har størsteparten av DNA-et sitt felles med menneske (97-98 %).

Gorillaene lever i tropiske og subtropiske strok i Afrika, frå havnivå til 4 000 moh.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Slekta Gorilla er i familien Hominidae, som òg inneheld orangutangar og sjimpansar.

Gorillaene har vore klassifisert i tre artar: fjellgorilla, vestleg låglandsgorilla, austleg låglandsgorilla. Den innbyrdes klassifiseringa er ikkje fullstendig sikker, men i dag er det ålmenn semje om at det finst to artar, og at kvar av desse er delt i to underartar.

Fjellgorillaen finst i to skilde populasjonar. Den eine, i Bwindi Impenetrable National Park i Uganda har morfologiske skilnader frå hin populasjon, og somme meiner desse er ein eigen art.

Utsjånad og kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Kjønnsdimorfisme av gorillaskallen.

Gorillaer er dei største primatane. Hannen vert hjå somme artar opptil 1,75 m høg, og kan vega meir enn 200 kg. Hoa er som regel noko mindre, ca. 1,40 m høg, og opp til 100 kg. Pelsen deira er svart, men hjå vestgorillaer er pelsen på hovudet meir raudleg. Hannen utviklar etter kvart ein sylvfarga flekk på ryggen. Hjå vestgorillaer strekkjer denne seg ofte ned bakbeina.

I motsetnad til menneske stikk underkjeven lenger ut enn overkjeven. Tennene er veleigna til å eta harde plantar, som bambus.

Gorillaer går på beina og armane, og stør seg på knokane.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Hogorilla

Ernæring[endre | endre wikiteksten]

Gorillaer et i hovudsak plantar, men nokre insekt. Dei et røter, veden, blada, blomane og av og til frukta. Ender og gong et dei si eiga avføring. Kvifor dei gjer det er ikkje visst, men ein mogleg grunn er å halda på viktige næringsstoff. Låglandsartane et meir frukt, høglandsartane et meir blad og ved.

Sosial åtferd[endre | endre wikiteksten]

To gorillaer kviler i San Diego Zoo.

Gorillaer er flokkdyr, og lever i flokkar på 5-30 dyr. Den vanlegaste flokkstrukturen er éin dominerande hann (sylvrygg) med fleire hoer. Ein del flokkar har meir enn éin hann. Hannar som ikkje finn seg ein flokk, lever anten åleine eller i flokkar av hannar. Leiarhannar som er truga ter seg aggressivt, med skrik og mykje rørsle. Til slutt rasar dei fram til åtak. Om ein flokk misser leiarhannen, bryt han som regel opp, men ein sjeldan gong tek ein av dei mindre dominante hannane over.

Hannar forlèt flokken sin når dei er om lag 11 år gamle, og det tek dei som oftast 2 til 5 år før dei greier å danna seg sin eigen flokk. Hoer forlèt gjerne flokken noko yngre, om dei ikkje vert att i flokken.

Leiarhannen tek seg som regel av foreldrelause ungar i flokken.

Gorillaer er veldig intelligente, og nyttar enkle reiskapar. Dei nyttar steinar til å opna skjel, og greiner til fiske. Gorillaer i fangenskap kan lærast enkelt teiknspråk.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Det finst mindre enn 1 000 fjellgorillaer

Hoa er som regel paringsklår når ho er mellom 9 og 11 år. Kullet er på 1. Drekta varer i om lag 9 månader, og det går ca. 3-5 år mellom kvar unge. Hoa er paringsklår om lag 3 dagar i ein syklus, og syklusen varer ca. 28 dagar.

Gorillaer vert opp til 50 år gamle.

Utryddingsstatus[endre | endre wikiteksten]

Alle fire underartar er utryddingstruga. Gorillaer er sopass like menneske at dei får same sjukdomar. Turistar som kjem for sjå gorillaene, bringar med seg sjukdomar som er uskadelege for menneske, men døyelege for gorillaer. Gorillaene lever i område i Den demokratiske republikken Kongo som er ramma av svolt. Mesteparten av menneska i områda lever på svoltegrensa, og skogane gorillaene lever i, vert hogde ned og gjorde til jordbruksland. Vestleg låglandsgorilla, fjellgorilla og Cross River-gorilla er sterkt utryddingstruga. Ein reknar med at det finst om lag 100 000 vestlege låglandsgorillaer, 3 000 austlege låglandsgorillaer, ca. 700 fjellgorillaer og mindre enn 300 Cross River-gorillaer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]