Premiere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filmpremiere på El Capitan Theatre

Premiere (frå fransk première, 'først') er ei første framføring av teater, film eller musikkstykke.

Premierar har ofte ein festleg ramme, med inviterte gjestar og pynta publikum, alt etter som sjangeren tilseier. Til publikum høyrer òg meldarane. Ved nokre høve vert gjestar og meldarar heller inviterte til ein «førpremiere».

Når filmar og turnéar vert framførte og marknadsførte i mange land, kan nemninga «verdspremiere» brukast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]