Stemorsblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stemorsblom
Stemorsblom i blanda skog. Foto: Kjetil Lenes
Stemorsblom i blanda skog.
Foto: Kjetil Lenes
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Fiolfamilien Violaceae
Slekt: Fiolslekta Viola
Art: Stemorsblom V. tricolor
Vitskapleg namn
Viola tricolor

Stemorsblom eller natt-og-dag (lat. Viola tricolor) er ein eit- eller toårig fiol, opp til 15 cm. høg. Blomstrar mest heile året, berre det ikkje blir for vått. Mest vanleg i sør-Noreg; havstrand, vegkant, berg, skogbryn.

Stemorsblom er brukt i folkemedisinen mot hudsjukdommar, luftvegskatarr, kikhoste, blærekatarr og som urindrivande middel. Han er dessutan eit symbol på «den frie tanken» innanfor livssynshumanismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]