Alabast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit stykke alabast.
Alabastskjerar i Toscana i Italia.

Alabast er eit lyst, gjennomskinleg mineral. Omgrepet kan visa til ein type gips eller ein type kalkspat.

Den moderne tydinga av ordet viser til gips-alabast, ein finkorna, tett kvit eller marmorert type gips (kalsiumsulfat, CaSO4 · 2 H2O). Alabast er mykje nytta i prydsaker, relieff, skulpturar, armatur og anna, då mineralet er lett å skjere til. Det kan nyttast til lampeskjermar i staden for matta glas, då det er nokso gjennomskinleg. Materialet kan ikkje nyttast utandørs, då vatn løyser opp mineralet. Det finst førekomstar mellom anna i Storbritannia, i Italia og ved IsfjordenSvalbard.

Elles vert ogso ein varietet av kalkspat (det vil seie kalsitt, jamfør kalsiumkarbonat) kalla alabast, eller kalk-alabast. Dette er det mineralet som ber dette namnet i Bibelen og andre kjelder frå antikken. Ordet har kome til dei moderne europeiske språka frå latin alabaster, som hadde det frå gresk αλάβαστρος (alabastros), 'alabast', eller αλάβαστος (alabastos), 'vase av alabast'.[1] Det er uvisst kva språk gresk har fått ordet frå, kanskje frå gamalegyptisk, då dette mineralet vart mykje utvunne i det gamle Egypt. Andre varietetar av mineralet finst elles til dømes i Algerie, USA og Mexico.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Alabastos, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, at Perseus

«alabast» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alabast
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.