Pandemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
tumb
tumb

Ein pandemi (frå gresk pan - alle, demos - folk), eller global epidemi, er ein sjukdom, som rammar menneske i eit stort geografisk område. Teoretisk sett er det berre når sjukdomen dekker heile verda og påverkar alle menneske at det er tale om ein pandemi. Soleis er til dømes AIDS-epidemien ikkje rekna som ein pandemi. Kreft blir heller ikkje sett på som ein pandemi av di sjukdomen ikkje smittar slik influensa gjer.

Tidlegare var ofte bakteriar (pest) årsak til pandemiar. Men betre smittevern og endå meir antibiotika, har gjort at vi har unngått det dei siste hundre åra. Men auka og ukontrollert bruk av antibiotika, har gjort fleire bakteriar resistente og i dag er det eit visst sannsyn for at ein ny bakterie-pandemi skal ramma oss.

I vår tid er det virus me fryktar mest. På 1900-talet førte virus til tre pandemiar:

  • 1918 - 19: 1918-influensaen, også kalla spanskesjuka. Det er estimert at opptil 40 millionar menneske døydde i løpet av eitt år. Det er slått fast at sjuka kjem av eit fugleinfluensavirus.
  • 1957 - 58: Asiasjuka. Ein million menneske mista livet. Oppstod etter ei krysning mellom influensavirus frå menneske H1N1 og H2N2-fugleinfluensavirus. HN-notasjonen referer til forholdet mellom hemagglutinin- og neuraminidase-protein i viruset.
  • 1968 - 70: Hongkong-sjuka. 750 000 døde. Har sin grunn i vanleg influensa av type A, men av den nye greina H2N2

I 2003 frykta ein at SARS-viruset skulle føre til ein pandemi. I 2005 er det mange som er redd for at det store utbrotet av fugleinfluensa skal gå over til å smitte mellom menneske.

Det er stort sannsyn for at ein pandemi igjen skal råka jorda. I tillegg til fugleinfluensaen er det Ebola-variantar ein trur er mest farlege i dag.

Fram til 2020 var det mange som trudde at samansmeltinga av bioteknologi, nanoteknologi og medisin dei neste tiåra, skal føre til ein endeleg slutt på pandemiar og andre alvorlege sjukdomar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Dansk, svensk og norsk wikipedia Aftenposten innsikt