Rugde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rugde
Rugde
Rugde
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Rugde
Utbreiinga av Rugde
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Rugder Scolopax
Art: Rugde S. rusticola
Vitskapleg namn
Scolopax rusticola

Rugde (Scolopax rusticola) er ein fugl i snipefamilien. Rugde vert brukt som mat og det vert drive jakt på fuglen.

Global utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Rugda hekkar i Europa frå nordlege delar av Spania og nordover til nordlege delar av Skandinavia og austover i Russland i eit smalnande belte til Japan. Sør for dette beltet finst bestandar i Kina og nordlege delar av India. I Europa er Finland det viktigaste hekkeområdet for rugde vest for Russland.

Norsk utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Rugda held til i skogområder nord til polarsirkelen. Lenger nord finst fuglen meir spreidd. Ungfugl kan ein treffe på i høgfjellet og elles mest i fuktig skogsterreng. Ein finn den ofte i typisk jerpeterreng.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Rugda har ein varmbrun farge med svarte tverrstriper i nakken. Kjønna er like og dei er korte og butte i fasongen. Vekta er 250-400 gram og lenga er 40 cm. Den eldste som er ringmerka vart 8 år og 5 mnd.[1]

Rugde med makk.

Levesett og føde[endre | endre wikiteksten]

Rugde finn mat i jorda, hovudsakleg meitemark men også insekt, larvar, blautdyr og frø.

Rugdeegg

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Rugdehoa får 4 egg, som ho ruger ut i løpet av 21–24 dagar. Det er også hoa som passar på kyllingane. Rugda har ofte 2 kull om året.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Rugda flyg ut av Noreg i oktober-desember. Vinterkvartera for dei norske rugdene ligg på dei britiske øyane og i Frankrike. På hausttrekket kan rugdene stoppe opp på Vestlandet medan dei ventar på å krysse Nordsjøen. I slike periodar kan rugda vere særleg talrik i dette området. Kor langt sør rugda flyg om vinteren kjem an på vêret og temperaturen. I milde vintrar kan enkeltindivid overvintre nord til polarsirkelen. Rugda kjem attende til hekkeplassane i Sør-Noreg i mars-april, medan fuglar som hekkar lengre nord i landet ikkje kjem før i mai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Fugleatlas, 1994.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk RingmerkingsAtlas

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rugde
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.