Doubs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå elva Doubs.


Doubs
fransk departement
Symbol
Land  Frankrike
Region Franche-Comté
Nummer 25
Areal 5 234 km²
Folketal 499 062
Folketettleik 95 / km²
Kart
Doubs
47°10′00″N 6°25′00″E / 47.166666666667°N 6.4166666666667°E / 47.166666666667; 6.4166666666667
Wikimedia Commons: Doubs

Doubs (fransk uttale: [/du/] (høyr), frankoprovençalsk Dubs) er eit departementet aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Franche-Comté, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Doubs er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Franche-Comté.

Så tidleg som på 1200-talet snakka den nordlege tredjedelen av Doubs dialekten franc-comtois, ein variant av oïl-språka. Innbyggjarane i den sørlege tredjedelen snakka ein dialekt av frankoprovençalsk. Begge språka eksisterte samtidig med fransk, det offisielle språket for lov og handel, og vart framleis nytta i jordbruksområde ut på 1900-talet. Språka vert framleis nytta, men ikkje til kvardags slik som før.

Doubs var ein viktig port til Sveits via passet ved Joux. Mange kjende folk, som Mirabeau, Toussaint Louverture og Heinrich von Kleist, var fengsla i Château de Joux.

I 1793 vart republikken Mandeure ein del av departementet, og i 1816 òg fyrstedømet Montbéliard.

Victor Hugo og Auguste og Louis Lumière er kjende folk frå Doubs.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Franche-Comté og grensar til departementa Jura, Haute-Saône og Territoire de Belfort, i tillegg til kantonane Vaud, Neuchâtel og Jura i Sveits.

Departementet er doiminert av Jurafjella, som stig opp aust for Besançon.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert kalla doubistes.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Slotta i Joux og Besançon er viktige turistattraksjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Doubs